Forsida Nyhende Lundenytt Hytteavfall på avvegar
Hytteavfall på avvegar
Skrive av Malin Tvedt Petterson
torsdag 15. juli 2010 11:21

Slik såg hytteavfallskonteinaren ut onsdag ettermiddag. Foto: Malin Tvedt Petterson

Bordet er dekka for skjora og rottene. Diverre er dette eit vanleg syn kringom på øya vår, spesielt no om sommaren,
når det er mykje folk på øya. Stundom er det av di konteinaren er full, og andre gonger er det rett og slett berre
av rein latskap.

Me ber alle som kastar søppel om å tenka over at det fins ungar og dyr i området. Det er heller ikkje kjekt for oss andre når skjora har strødd innhaldet i desse posane over heile området. Ofte finn ein plass til søppelet inne i konteinaren, om ein berre tek seg bryet med å sjekka alle dei seks dørene som er der.

Hugs også å lukka att dørene etter deg. Lundegrend.no har fleire gonger funne alle dørene vid opne, og sett dyr ta seg inn i konteinaren.

Medan me skulle til å publisere denne saka, fekk me beskjed frå Martin Hauge Hansen, som hadde funne papirdunkane til Lumic stappa full av restavfall, eingongsgrillar og matrestar frå folk som hadde teke seg til rette.

– Dette blir berre for frekt, seier ein opprørt Hauge Hansen.

– Slik vil me ikkje ha bygda vår!

Me minner om at det fins fleire søppelstasjonar i bygda og elles på øya, og dersom det er fullt ein stad, kan det vera rom i ein annan. Innsamling av hermetikkboksar og glas finn du ved butikken, og hjå Bunnpris kan du panta flaskene dine. Har du liten tid til til ferja, eller berre rett og slett problem med å finna plass til avfallet, ber me deg om å ta det med deg i bilen og kaste det i eigen dunk.

Ver med og bidra til at Lunde forblir den trivelege ferieplassen me er vane med.

 
Kommentarar (2)
1 torsdag 15. juli 2010 14:35
Kristine Lovik

Septiktømmingen og tanken som stod på kaien i den forbindelse har nok litt å gjøre med at bosskonteineren er overfylt. Det har ikke vært mulig å komme til for å tømme bosskonteineren for renholdsverket og når det er høysesong for ferierende så blir det fort fullt. Men for all del, det er alltid rom for forbedring, slik som på bildet er det nok ingen som vil ha det.

2 torsdag 15. juli 2010 17:17

Et godt poeng, Kristine, som det sikkert er noe i. Jeg har likevel oppfattet det slik at slumsingen med søppel er et tilbakevendende problem sommerstid. Samtidig, hvis containeren er full, har vi alltids den oppe ved butikken. Kanskje SIM skulle utstyre begge to med informasjon om den andres eksistens? Det er ikke sikkert at det er mer som skal til — skjønt det ingenlunde forsvarer dem som lar det stå slik bildet viser, eller bruker private papircontainere(!) som alternativ.

Registrer deg eller logg inn for å skriva kommentarar til artikkelen.
Annonse:
Banner