|
Det var fullsett sal i bedehuset under årets bedehusbasar torsdag. Bedehusbasaren kvar sommar har no vorte den Styremedlem og kasserar Lorentz Lunde opna kvelden med å ynskja vel møtt og med å fortelja litt om drifta og huset. – Me er heldig som har eit hus som framleis er i så god stand, og me har òg vore heldige og har motteke fleire pengegåver, som har gjort det mogleg å gjera forefallande vedlikehaldsarbeid, seier han.
Vidare kalla Lunde styremedlem Helga Økland opp til preikestolen. Ho har no valt å trekkja seg frå styret, etter eit langt liv som aktiv i laget. Ho kunne fortelja om kor mykje bedehuset, musikklaget og bedehuslaget har betydd for ho, heilt frå ho var lita jente og byrja på sundagsskulen. Lunde overrekte ei gåve frå laget, som takk for lang teneste. Til å halda preik for dagen var Marit Roseth Belt henta inn. Ho haldt ei fin preik som òg engasjerte ungane, der ho mellom anna las frå Lukas 24. Ho og gitaren hennar var også forsangar for kjente, kjære songar for store og små, undervegs i basarkvelden.
Som vanleg på bedehusbaseren, vart det diska opp med heimebakte bollar og kaker, kaffi og saft til ungane, og då alle var mette og forsynte, kunne ein setja i gong med åresalet. Det var mange fine premiar å lokka med også i år. Bedehusbasaren 2010 samla inn heile kr 30.275,- til bedehuset og laget. Kasserar Lorentz Lunde sa seg godt nøgd med resultatet. Trekningsliste, lodd på bok:Dukke: Bjørg Nesland Alle foto: Malin Tvedt Petterson |
Spørjeundersøking
Arbeidstélm. arbeidslyst, tiltak, pågangsmot: "So lenge han ikkje arbeidde på sitt eige, gav han det ingen arbeidstél". Kjelde: Tysnesmålet, Tysnes Sogelag. |
Vi har 83 gjestar her no
Medlemar : 72
Innhald : 150
Nettlenker : 31
Artikkelvisningar : 59031
Innhald : 150
Nettlenker : 31
Artikkelvisningar : 59031
Skrive av Malin Tvedt Petterson
fredag 23. juli 2010 13:33
Registrer deg eller logg inn for å skriva kommentarar til artikkelen.


– Kva syns du om å ha butikk på søndagar, Wenche Fagerbakk?






